Hopp til hovedinnhold

"Angst for glemte forgåelser hviler som skygger over vårt liv"

Av Bjørn Sverre Hol Haugen, etnolog og odøling.
Foredrag holdt på Milepelen kulturhus, Sand i Nord-Odal, mars 2004.

Det er mange ulike måtar ein kan sjå på ein forfattarskap på. Noen forfattarar spreier seg i så mange retningar at ein ikkje kan finne ein raud tråd å ta utgangspunkt i. Med andre forfattarar kan ein sjå tidsperiodar eller tema som døropnarar til ein forfattarskap.

Når det gjeld Sigurd Hoel, så kan ein både dele inn forfattarskapen hans i tid og etter tema. Eller rettare kan ein si at det er plassen handlinga er lagt til som gir eit utgangspunkt for inndeling. Det er vanleg å skilje mellom tekstane som handlar om bymiljø og dei som handlar om landsbygda. Når det gjeld tida, er det vanleg å plassere 1920-talet som ein fyrste bolk der forfattaren debuterte, kom på banen og hadde det litterære gjennombrotet sitt. 1930- og 40-talet blir gjerne samla som ein periode sjølv om andre verdskrigen lagar eit dramatisk tidsskilje der. Siste bolken i forfattarskapen er 1950-talet.

Handlingsmessig finn ein få bygdemiljø i den fyrste tidsbolken. Dei kommer etter kvart, samstundes som bymiljøet kommer gjennom heile forfattarskapen.


Sigurd Hoel - liv og arbeid 

Sigurd Hoel vart født på Sagstua skule, 14. desember 1890. Far hans var lærar og kjerkesongar Lars Anton Hoel, mor hans var Elise Dorthea Nilsen. Faren var oppvaksen i Kråkstad, mens mora var dotter til den tidlegare læraren på Sagstua, og på det viset født og oppvaksen i Odalen.

Da Sigurd vart født var han nummer åtte i ein søskenflokk på ni - han fekk seinare ei syster. Mellom desse barna var det berre to gutar, og dei var eldst og nest yngst. Dette prega på ulike vis oppveksten til Sigurd. Han hadde mest kontakt med systrene, og særskilt Åsta som var yngre enn han.

I 1905 vart Sigurd konfirmert, og året etter reiste han til Kristiania. Der skulle han gå på ein eittårig middelskule. Alt på den tida hadde interessa hans for skjønlitteratur vakna. Han produserte ikkje noe sjølv etter det vi veit, men innimellom øktene med skulearbeid las han så mye han kunne klare.

I 1909 gikk Sigurd Hoel opp til eksamen artium, med det resultatet at han vart preseterist. (Høgast moglege karakter.) Så skulle ein vel tru at grunnen var lagt for ei vitskapleg karriere? Men nei, etter å ha prøvd seg som lærarvikar, student innan både realfag og jus, sa han sjølv at han tilfeldigvis vart skjønlitterær forfattar. Sigurd Hoel gikk sigrande ut av ein nordiske novellekonkurranse med novella "Idioten" i 1918. Dette var den skjønlitterære debuten, og det førte til at han valde ei litterær karriere.

Etter mye slit kom novellesamlinga "Veien vi gaar" i 1922. I 1924 skreiv han romanen "Syvstjernen", som ein kan kalle ein konstruksjon etter inspirasjon frå Franz Kafka si dikting. Den fyrste romanen vart følgt opp av ein ny, "Syndere i sommersol" som kom i 1927. Denne romanen er av mange rekna som det litterære gjennombrotet hans, og dessutan vart han sterkt protestert mot på grunn av det "nestan-pornografiske" innhaldet. I 1929 kom romanen "Ingenting" og dessutan skodespelet "Mot muren".

I 1930 skreiv Hoel i samarbeid med Helge Krogh skodespelet "Don Juan". I 1931 fekk Hoel andre premie i ein norsk romankonkurranse med boka "En dag i oktober", Denne vart motteken minst like kraftfullt som "Syndere i sommersol", og boka vart stempla som svinsk og umoralsk. Den var dessutan utløysande årsak til ein avisdebatt som starta 28. oktober 1931 med innlegget "En skitten strøm flyter utover landet", signert Fredrik Ramm.

I 1933 kom eit av Hoel sine største arbeid. Dette var også ein roman, og det er mange som reknar den for å vera det beste han har skrivi. "Veien til verdens ende" er tittelen. I 1935 kom "Fjorten dager før frostnettene" som vart følgt av "Sesam sesam" i 1938. "Prinsessen på glassberget" er den andre novellesamlinga hans, og den kom i 1939. Denne har sterk samanheng med "Veien til verdens ende".

I dei fyrste krigsåra, da Hoel budde i Odalen, gav han ut "Arvestålet" (1941). Dette var fyrste del av ein tobands roman frå 1800-talet. Åleine blir denne romanen vurdert som noe av det dårlegaste Hoel har skrivi, men sett i samanheng med oppfølgaren "Trollringen" blir boka av langt betre kvalitet. I 1947 kom krigsromanen "Møte ved milepelen" og i 1951 skreiv han ein oppfølgjer av "Syndere i sommersol". Den har tittelen "Jeg er blitt glad i en annen". 1954 vart året for "Stevnemøte med glemte år" - den tredje romanen som er knytt til andre verdskrigen. I 1956 skreiv han "Ved foten av Babels tårn" og han avslutta den litterære karrieren med "Trollringen" som kom i 1958.

I alle desse åra gjorde Hoel mye meir enn å skrive bøker. Alt i 1911 tok han til som bok- og teatermeldar, og i 1921 fekk han stilling som konsulent hos Gyldendal Norsk Forlag, ei stilling han hadde resten av livet.

Den litterære produksjonen femnar om meir enn skjønlitteratur. Gjennom jobben i Gyldendal skreiv han forordet til dei fleste av romanane i ein serie dei kalla "Den gule serie" med omsett litteratur. Fororda vart gitt ut i to bolkar, fyrst "50 Gule" i 1939, og "De siste 51 Gule" i 1951. Sigurd Hoel valde ut ofte unge og ukjente forfattarar frå ulike land, og introduserte dei for norske lesarar.

Hoel vart også etter kvart essayist, og kom i 1945 med samlinga "Tanker i mørketid". Etter den kom "Tanker fra mange tider" i 1951, "Tanker mellom barken og veden" i 1952 og til slutt "Tanker om norsk diktning" i 1955.

Han var gift to gongar, fyrst med barnepsykolog Caroline Schweigaard Nicolaysen (Nic, seinare gift Waal) i 1928. Ekteskapet vart løyst opp i 1936, og han gifta seg oppatt same året med Ada Mohn Ivan.

Sigurd Hoel døydde den 14. oktober 1960, og er gravlagt i æreslunden på Vår frelsers gravlund.


"Synderen"
Det litterære gjennombrotet hans kom altså i 1927, med romanen "Syndere i sommersol". Sigurd var 36 år gammal, og heftig forelska i Caroline Schweigaard Nicolaysen eller Nic som ho vart kalla. Dei hadde nettopp forlova seg. Nic var 15 år yngre enn Sigurd, og tilhørte i større grad enn han sjølv den generasjonen ungdom han skriv om i boka. I tillegg var ho ein sjølvstendig medisinarstudent, seksuelt frigjort og erfaren til å vera 21 år i 1926. Ho var krevjande å elske, og sjalu på arbeidet Sigurd ofte prioriterte framfor henne.

Eigentleg var det eit skodespel Sigurd skulle få ferdig, men det ville ikkje bli til. I staden voks det fram ein roman på svært kort tid. I løpet av ein ettermiddag var hovudhandlinga nedteikna, resten gjorde han ferdig mens han og Nic var på bryllaupsreise i Vestfold, og seinare same hausten mens han leigde seg inn på Espa, nær Minnesund.

Det kom sterke reaksjonar på boka. Ein søndag vart han refsa frå sju preikestolar i hovudstaden. Betre reklame skal ein kanskje leite lenge etter?

I juleveka i 1927 selte boka 1000 eks kvar dag, og biblioteka hadde lange ventelister heile vinteren. Men kva var det som gjorde boka til sprengstoff?

Var det erotikken, var det usømmeleg oppførsel han skildra så raudna steig i andletet åt lesaren? Nei, eg trur ikkje det var erotikken i seg sjølv. Eg trur det var kvinnerolla som opprørte mest. Her var plutseleg ei bok der kvinnene var dei mest aktive i det erotiske forholdet så vel som i debattane ungdommane imellom. Kvinnene dreiv og utdanna seg i tidlegare typiske mannsyrke, dei ser seg sjølv som frigjorte, dei har tydeleg seksuell appetitt og dei sett krav til mannfolka dei har rundt seg. Og på toppen av det heile driv Sigurd Hoel litt gjøn med desse unge, såkalla frigjorte.

Biskop Johan Lunde kom til å karakterisere det bra: "Før syndet ungdommen i dølgsmål og med ond samvittighet; nu synder de i sommersol og med glade øine."


Sigurd Hoel i eigne verk
Eit evig debattema når det gjeld skjønnlitteratur, er forholdet mellom forfattaren og dei litterære figurane hans. Vi har heile spekteret av forfattarar - frå dei som skriv såkalla nykkjeltekstar der ein som kjenner miljøet godt kan kjenne att faktiske personar i det litterære galleriet. I andre retninga har vi diktarar som skriv om miljø og figurar som står svært fjernt frå deira eigne liv.

Sigurd Hoel er ein vanskeleg forfattar på det viset. Han bjor på så mye av seg sjølv i bøkene sine. Samstundes er det få av verka hans som kan kallast nykkjelverk. Han skjuler seg i litteraturen sin, og han kommer til syne i litteraturen sin. Og det er vel framleis slik at historisk biografisk metode er den mest allmenne innfallsvinkelen til skjønnlitteratur. I alle fall for lekfolk. For litteraturforskarar har denne metoden vori ein raud klut i mange tiår, og slett ikkje stuerein å bruke. Men den allmenne lesaren har likevel vori på jakt. På jakt etter kva hendingar i livet til forfattaren som har kommi til syne i fiksjonen. På jakt etter å kjenne att persongalleriet eller miljø som blir skildra.

Og ekstra problematisk blir ei slik tilnærming når ein i eit lokalmiljø som vårt jobbar med både å presentere personen Sigurd Hoel og litteraturen hans. Det er mange som trår på skrå og blandar i hop dei to delane.

Forfattaren sjølv var nok svært klar over dette dilemmaet. Dels fordi han var ein svært erfaren lesar sjølv. Dels fordi han fekk erfare kva det kosta å legge handling, miljø og persongalleri i fiksjonen nær opp til sitt eige liv. Det fyrste dømet var i skodespelet "Mot muren" som kom i 1929. Her skildrar han miljøet omkring den revolusjonære rørsla og tidsskriftet "Mot dag" som han sjølv var del av. Han var mellom anna redaktør for tidsskriftet - i lag med Erling Falk som var ein av dei portretterte i skodespelet.

"Skriv så du rødmer, og så blir det bra litteratur" skal Sigurd sjølv ha sagt. Og truleg raudna både han sjølv og andre av dette stykkjet og seinare verk. Det er mange som hevdar å finne det radikale trekløveret "Hoel, Krogh, Øverland" i romanen "Sesam sesam", på same viset som det er mange som leitar etter Sigurd Hoel i Anders i "Veien til verdens ende".

Da Sigurd Hoel debuterte som skjønnlitterær forfattar vart han spurt om han hadde planar om ei litterær karriere. Han svarte at han hadde to bøker han visste han skulle skrive. Den eine var om oppveksten til ein unge. Seinare sa han at boka "Veien til verdens ende" hadde teki all tida hans i sju år. Boka kom i 1933, og mange reknar henne som eit av hovudverka i Sigurd Hoels dikting.

I boka følgjer vi guten Anders frå den fyrste tida han kan hugse til han er omtrent 16 år. Romanen har to hovuddelar, "Edens have" og "Bygden". Desse er så delt inn att i 27 kapittel, som er meir eller mindre sjølvstendige. Denne relativt lause samansettinga gjer at romanen grensar tett opp til novellesyklus som genre.
Anders er liten. Berre Åse er mindre enn Anders av barna på garden Rogstad. Dei eldre systrene Kari og Tora står lenger frå Anders enn Åse. Dei fire ungane bur på garden i lag med mor og far, tenestejenta Gorine og tenesteguten Embret. Og noen meir perifere tenestefolk. Anders si verd utvidar seg gradvis frå å gjelde huset til garden til bygda. Ved slutten av romanen skal Anders ut av bygda for vidare utdanning.

Vi følgjer Anders frå tidleg barndom til nesten vaksen alder. Heile vegen stikk redselen fram i handlinga. Anders er redd for mørkret, han er redd for alt ukjent. Han drøymer om natta så han blir redd av det, ord han ikkje forstår eller ikkje kan uttala skremmer han, og ikkje minst er han redd for Gud.

Øystein Rottem hevdar at denne romanen er den der Sigurd Hoel i minst grad omarbeider sine eigne røynsler. Samstundes held han fast ved at det ikkje er ein sjølvbiografisk roman, slik eg så gjerne seier meg samd i.

Og det er ikkje den konkrete handlinga som blir interessant for meg i romanen. I alle fall ikkje i høve til eit spørsmål om kva som er sanning og ikkje i boka. Det er dei kjenslene forfattaren skildrar hos barnet, redsla, gleda, kjærleiken og sorga. Det er korleis omverda til barnet vidar seg ut og bjor på nye utfordringar. Og det er i eit meir analytisk perspektiv kva oppveksten har å si for forming av eit menneske.

Dette siste var også Sigurd Hoel sjølv opptatt av. Det var også eit tema i tida. Psykoanalysen var introdusert i intellektuelle krinsar på den tida. Sigurd Hoel hadde lesi Sigmund Freud for mange år sidan, men nå var han interessert i analysen frå ein meir personleg ståstad. Sigurd gikk sjølv i analyse i fleire år. Sjølv sa han at det var mye av ein slags test på om analysen kunne bringe på det reine om det han hugsa frå dei fyrste åra sine stemte. Analytikaren heitte Wilhelm Reich, og Sigurd var sterkt knytt til han gjennom det meste av 1930-talet.

Dette nedfelte seg sjølvsagt i det han skreiv på den tida. Romanen "Fjorten dager før frostnettene" problematiserer ei krise hos hovudpersonen, legen Knut Holmen. Det handlar om val i eit menneskeliv - kan ein fritt velja eller er det noe som styrer vala?
Spørsmålet om kva som styrer i ein persons liv, kva som gjer at ein vel å gå til ei side i staden for ei anna - det er eit tilbakevendande tema hos Hoel. Og han brukar det i ein samtidsroman i ei tid da det å velja side var viktigare enn noen annan gong på 1900-talet. Det handlar så klart om romanen "Møte ved milepelen". Det handlar så klart om andre verdskrigen.

Hovudpersonen i romanen er "Den plettfrie". Han er ein som ingen kan ha noe å utsetta på. Han har ikkje gjort noe gali. Han har stått på rett side. Men så tar han til å lure på kvifor så mange han kjenner har hamna på andre sida. Han lagar analysar av kjenningar, freistar kartlegge kva i livet deira som gikk gali. Etter kvart skriv han om si eiga fortid.

Handlinga i romanen er bygd opp som ein spaningsroman, der det etter kvart blir avdekka samband mellom personar som ein ikkje fyrst trudde hadde noe å gjera med kvarandre. På det psykologiske planet handlar romanen i langt større grad om innhaldet i setninga Sigurd Hoel la i munnen på Knut Holmen i "Fjorten dager før frostnettene": "Angst for glemte forgåelser hviler som skygger over vårt liv." For det viser seg at Den plettfrie har ein son som er nazist. Og da dukkar det jo opp - spørsmålet om kven som eigentleg har skuld. Samstundes som spørsmålet om kva som fører fram til dei vala eit menneske tek i livet. Slik det kommer fram mellom anna i "Møte ved milepelen".


Trollringen - skuld og lagnad
Ved forfattardebuten hadde Sigurd sagt at han hadde planar om to andre bøker han skulle skrive i livet sitt. Den eine var som vi alt har hørt "boken om barnet". Den andre skulle ha handling frå ei avstengt skogsbygd, og romanen skulle ha eit historisk tidsbilete. Det konkrete utgangspunktet var nok ei historie frå heimbygda Odalen. Historia om avrettinga av husmannsguten Kristian i 1833. Halshugginga hadde gått føre seg rett ved sidan av skulen der Sigurd vaks opp. Og mytane rundt avrettinga er nok den mytekransen som har hatt seigast liv i Nord-Odal dei siste hundreåra.

Fyrste delen hadde Sigurd alt gjort unna før "Møte ved milepelen". Det var "Arvestålet", som kom i 1941. Men alle som kjente forfattaren og litteraturen hans forsto at den boka var opptakt til noe meir. I det minste hadde dei von om det, for "Arvestålet" hadde verkeleg ikkje den kvaliteten ein kunne vente av Sigurd Hoel.

Så skulle det gå lang tid før framhaldet av "Arvestålet" kom. Det skulle gå heilt til 1958 og avsluttinga på forfattarskapen. Som mange før har sagt: det vart ei verdig avslutting. Som ei hjelp til dei som ikkje har "Arvestålet" friskt i minnet når dei går laus på Trollringen, har han skrivi eit innleiingskapittel som summerer opp boka.
Handlinga i Trollringen føregår i ei avstengt austlandsbygd i fyrste helvta av 1800-talet. Vi møter to hovudpersonar i romanen, Håvard og Rønnau som nettopp har gifta seg. Rønnau er enkje og har ei stedotter som er dotter til fyrste ektemannen hennar. Rønnau og Håvard bur på garden Olstad, som tilhørte den fyrste ektemannen til Rønnau.

Håvard har gått i lære hos presten Thurmann, både i heimbygda i Telemark og i nabobygda til Nordbygda der Olstad ligg. Hos presten har han lært om jordbruk slik mange prestar den gongen formidla det - om korleis bøndene kan få betre avlingar gjennom å legge om drifta. Fyrst verkar Rønnau positiv til dei ideane Håvard vil setta ut i livet, men etter kvart syner det seg at ho nok står fastare i gamle tradisjonar og gammal tenkjemåte enn det fyrst såg ut til. Håvard har ingen lett jobb med reformasjonen sin. Han møter motvilje hos husmennene på garden, og ein sjalu naboenkjemann som hadde sett seg ut Rønnau til kone og Olstad som tilleggsjord, lagar også problem.

Forholdet mellom Håvard og Rønnau verkar godt i fyrstninga. Dei held i hop, og fungerer godt både seksuelt og sosialt. Noe barn får de aldri, og graviditeten som Rønnau brukte for å binde Håvard til seg viser seg å vera oppdikta. Både graviditeten og det manglande barnet gir Håvard ord på seg for å ha legi seg til garden.
Håvard blir aldri riktig heime på Olstad. Noe av grunnen er at han aldri har kommi over kjærleiken til Tone heime i Telemark. Han svikta Tone til fordel for Rønnau, og Tone gikk i fossen. Håvard kjenner det som om det var jamgodt med at han hadde teki livet av henne.

Etter kvart blir Håvard og Rønnau trekt i frå kvarandre - det blir ein ismur mellom dei. Stedotter til Rønnau har vorti vaksen, og etter kvart blir det ein varm venskap mellom Kjersti som ho heiter, og Håvard. Rønnau er ulideleg sjalu på "forholdet" mellom Kjersti og Håvard, som eigentleg ikkje er noe forhold på det viset Rønnau trur. Rønnau vil sende Kjersti bort, og freistar å få henne gift med ein Kjersti ikkje vil ha. Ho lukkast ikkje.
Rønnau og Kjersti hamnar i ein krangel som fører til at Rønnau ryggar bakover og detter med hovudet mot peiskanten. Etter noen dagar døyr Rønnau. Bygdesladderen heng seg opp i at Kjersti ikkje viser sorg, og skuldar henne for å ha drepi stemor si.

Det blir rettssak, og da Kjersti innrømmer at ho har kjensler for Håvard er det små sjansar for frikjenning - med eitt hadde ho jo eit motiv. Den einaste sjansen for frifinning er at noen andre skal ta på seg skulda, og for å spara Kjersti gjer Håvard det. Han blir dømt til dauden ved halshogging for eit mord han ikkje har gjort. På eit vis kjenner han seg likevel skuldig, fordi han sveik Tone så ho tok livet av seg.

Mens Håvard sitt i fengselet, driv noen av slarvekjerringane i bygda Kjersti utfor eit stup så ho òg døyr. Dette får ikkje Håvard veta, og han blir utsett for den skjelvne handa til skarprettaren. Fyrst ved fjerde hogget blir hovudet skilt frå kroppen.


Det frie valet
Handlinga i Trollringen er lagt til tidleg 1800-tal. Men problemet som forfattaren tar opp i romanen er uavhengig av tida. Rett nok har han gitt det ein tidsmessig koloritt - det ufrie valet kjem fram gjennom lagnaden til personen. Men spørsmålet i seg sjølv er det same som i "Møte ved milepelen" og i "Veien til verdens ende". Det er jakta på kva som styrar ein persons liv.

Om ein tar for seg den samla forfattarskapen til Sigurd Hoel, så ser ein at det er einskilde trekk som går att. Det handlar om menneske som tar val i livet sitt. Det handlar om kva som påverkar vala dei tar. I ytste konsekvens stiller han spørsmål om det er eigentlege val eller om noen har valt for ein.

I "Veien til verdens ende" freistar han synleggjera kva barndommen har å si for eit menneske seinare i livet. Barndommen er viktig, forholdet til næraste familien påverkar kvar ein hamnar, kven ein blir, kven ein kan bli.

Abstraksjonsnivået er på mange vis enda høgre i "Møte ved milepelen". Det dramatiske møtet Den plettfrie har med sin eigen son som har valt andre sida under krigen, sett dette i perspektiv. Kva er det som er avgjerande i forhold til verdival - er det arv, er det miljø, er det kombinasjonar? Og kven er det da som skal setta seg til doms over andre?
Men samstundes handlar det ikkje om at Sigurd Hoel driv og skriv ansvaret verken frå seg sjølv eller romanfigurane sine. Men han forklarer kvifor noe blir som det blir.

Plassert lenger bakover i tid, som i Trollringen, blir dei same vegvala satt inn i ein historisk kontekst. I Håvard Vilands sjølvrefleksjon visar dei same type vegvala seg som lagnaden. For ein tidleg 1800-tals romanfigur verkar det heilt legitimt å tru på ein slik lagnad. Skulda for at Rønnau dør er på ein måte hans fordi han valde henne framfor Tone som gikk i fossen for hans skuld. For oss som lesarar kan det like mye vera dei same ufrie vala som i dei andre verka. Ikkje ein udefinerbar og overjordisk lagnad, men ein tett ihopvoven følgje av arv og miljø.

For Sigurd Hoel var dette problem som opptok han stadig sterkare ettersom tida gikk. I unge år trudde han nok på det frie, sjølvstendige individet som kunne fatte avgjerder på intellektuelt grunnlag. Etter kvart måtte han nok innsjå at det var fleire faktorar som virka inn på dei grunnleggande avgjerdene i livet til eit menneske.

Ettersom psykoanalysen var ei sterk påverkingskjelde for Sigurd Hoel, er det naturleg at han relaterar mange av dei spørsmåla som gjeld desse livsvala til seksualitet. Psykoanalysen legg opp til det. Det som er ei bakside ved denne sterke bindinga mellom spørsmålet om det frie valet og forklaringa gjennom seksuelle frustrasjonar og bindingar, er at nettopp det seksuelle og framleis ofte tabubelagte står i vegen for å forstå og tolke den kombinasjonen av arv og miljø som kan gi forklaring på problemet.

Sigurd Hoel handsama problemet skjønlitterært. Fleire andre har hatt samfunnsforskarens perspektiv på same sak. Den franske kultursosiologen Pierre Borudieu talar om habitus som eit liknande fenomen. Han ser på korleis ulike lag av folket nærmar seg til dømes kunst. Og han hevdar at dei som er oppvaksne i overklassa og dermed ofte har eit naturleg og avslappa forhold til såkalla "finkultur" har ein forse i samfunnslivet. Han peikar på at denne habitusen som viser seg gjennom ulik grad av det han kallar kulturell kapital - altså evne til å oppleva, tolke og formidle i hans tilfelle biletkunst - er ein seig struktur som endrar seg lite over tid. Det tar gjerne fleire generasjonar før mønsteret blir endra, og det er gjerne i generasjonsskifta det er rom for særleg endring i det heile.

Vi ser noe av det same perspektivet hos Sigurd Hoel. I "Trollringen" er det lagnaden. I "Veien til verdens ende" er det best uttrykt gjennom orda tenesteguten Embret sender med Anders ut i den store verda: "Det kommer til å hende deg mye rart. (…) Og etterpå - så skjønner du at allting har hendt deg før du var ti år. (…) Sea hender det bare oppatt."

Og for å poengtere korleis dette sentrale spørsmålet Sigurd Hoel handsama i diktinga også er aktuelt i dag: Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen har kommi med ny bok. Tittelen er "Røtter og føtter". I bokomtalen som sto i Aftenposten 23. mars 2004, blir det sitert frå boka - og det handlar nettopp om det frie valet. Han skriv i kapitlet om tradisjon: "Det frie valet finst ikkje fordi det blir teken innanfor ein forpliktande sosial samanheng."

Gjennom å sjå etter ein raud tråd i forfattarskapen, gjennom å gjera noen djupdykk inn i einskilde av verka til Sigurd Hoel, har eg freista komma bakanfor den ytre handlinga. På det viset blir diktinga til Sigurd Hoel viktigare enn kva i handlinga som har rot i verkeleg historie og kva som er fiksjon. Samstundes vonar eg eit slikt fokus kan gjera at fleire tar tak i tekstane hans og gler seg over dei. Det er mange å ta av, dei fleste tåler å bli lesne fleire gongar.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1